Thursday, January 18, 2007

Bollar halv 1

Klokka halv eit i natt skal vi ha bollar. Klokka er 12 no. Huset sin bolleekspert, Skjærpe, står bak spakane. Skrattlamoen kjem visst. Sørlandet var meir negative. Vi treng ikkje om å kome på skulen før ut på dagen i morgon. Vi treng eigentleg ikkje å kome i det heile. Vi to som bur her no i desse dagar (Klausen er i bartebyen), har ikkje noko kamera å skryte av. Og då er vel ikkje high tech kamerakurs det aller artigaste. I alle fall høyrest det rimeleg hich tech ut for ein enkel sunnmøring som aldri kjem til å bruke pengar på noko sånt. Eller aldri og aldri. Planen var jo å bli avisjournalist, og eit kamera som kostar meir enn 500 kroner hadde vel kome med på ferda. Eg kan forresten nemne at vi har ordna det slik at Skjærpis og Klausis også kan blogge på denne bloggen, men det ser førebels ikkje ut som dei har nytta den sjansen. Du må forresten ta turen innom www.einarsnoisepollution.blogspot.com. Heftige saker! Kva Klausis gjer på i bartebyen, veit han best sjølv. Sjølv påstår han at han aldri kjem til å kome så langt ut i puberteten at han vil kunne spare opp bart. Trist. Det er ikkje alle som må barbere seg annankvar dag for å sjå noko lunde i water ut. Og berre for å ha det klart. Eg barberer meg sånn sirkus kvar fjerde eller femte dag.

Nyvinninga på denne bloggen er den såkalla quizen. Kvar natt til fredag dukkar det opp fem nye spørsmål her på bloggen. I dag spørr vi:

Lett: Kva dato døde Bon Scott?
Litt vanskeligare, men for all del - enno lett: Kven er den nest yngste guten (mannen) på journalistlina i Bodø?
Mædium: Kven var gitarist på Ozzy Osbourne sitt album "Bark at the Moon" ?
Mellom mædium og "nøtta": Kven har draktnummer 5 på Hareid sitt a-lag i 3. divisjon på Sunnmøre?
"Nøtta": Gav AC/DC ut musikk i det heile mellom 1990 og 1995?

Verdsveven er ikkje lovleg å nytte.
Send svara som kommentar på dette innlegget.
Vinnaren vil få eit krus i gåve (Og ja! Vi har mange krus å plukke av!)

2 comments:

Kari Anne said...

Svar på quiz: 1. har ikke peiling 2. Einar 3. Out of my leauge 4. Einar 5. ja (ren tipping)

IMG said...

Einar du er yngst, er du ikke?