Wednesday, February 28, 2007

Ny post

Klokka 21.58 onsdag kveld skriv eg eit blogginnlegg.

Thursday, February 8, 2007

Ferie

Vi fekk 13
dagar ferie på måndag, men ikkje alle av oss har nytta den gevinsten - enno.

Morten reiste onsdag kveld. Han skal innom både Mosjøen, Bergen, Bodø (igjen) og Tromsø sånn eg har forstått det.

Eg skal ta 08.15-flyet til Trondheim fredag morgon. Vidare går eit anna fly til Ålesund. Så ein eller annan gong ut på dagen håper eg å vere tilbake i det raude huset.

Jørn skal tilbringe ferie med systra og nokre vennar i Tromsø. Han reiser ein eller gong på fredag.

Hejdå!

Monday, February 5, 2007

Frå 3 til 4?

Vi har alltid vore tre. Men no kan det hende at vi blir fire.
Øyvind "Eddie" Gjellesvik skal kanskje flytte inn i 3. etasja.
Følg med i neste episode av "Eddie eller ei"!

Friday, February 2, 2007

Stille etter stormen

Og så var journaljakta over. Det er tre timar sidan siste radiosending gjekk på lufta, og to timar og 57 minutt sidan vi fekk utlevert avisene.

Eg og Jørn, som var høvesvis red. sjef og journalist/baksidesjef i "Innsida", har feira dette med ein gryterett. Jørn stod bak det meste av kokkeleringa. Men eg må jo få nemne at det var eg som skrudde på plata og hadde smør i gryta.

Radiomannen Morten er overraskande nok på skulen. Kvar elles skulle han vere? Han kom forresten att frå skule klokka 05.23 her ei natt.

Vi som plar sitje att her på Luftslottet forstår ikkje heilt korleis han klarer det. Når klokka har passert halv fire ein ettermiddag, har eg fåt meir enn nok av det gule bygget.

Kanskje likar han ikkje oss.

---

Det ligg vel an til at det blir gullrekka på TV i kveld. Gollj! Og i morgon byrjar VM i både skiskyting og alpint. I tillegg er det to storoppgjer i PL denne helga. Laurdag møter Liverpool sine to beste lag kvarandre. Og søndag skal o store Tottenham til Old Trafford.
Då vil Einar og Morten halde med våre kjære heltar i kvitt og marineblått, medan "Forlan" bort i kroken her vil halde ein knapp på laget med styggemannen i klubblogoen.

Så spørs det om Morten tar ein tur innom.

Det einaste vi veit med sikkerheit

er at det blir mykje TV denne helga.

Og det har vi fortent.

Etter tre veker med O Store Fritz-Leo Breivik og journaljakta.

Tuesday, January 30, 2007

Jørn og Morten

No må de også skrive litt her.

Sunday, January 28, 2007

SØNDAG PÅ LUFTSLOTTET

For ei oppdatering:

Morten sit her og ser TV.

Eg sit her og skriv blogg.

Jørn er i Tromsø.

I går var Morten frivilleg under Grand Prix. Eg misunner han ikkje, sjølv om han seier at det var tøft.

Tottenham vann 3-1 i går. Det skulle vore meir, men eg klager i grunnen ikkje. Vi er vidare i atter ein cup.

Jørn sende ei melding under kampen til meg, der han prøvde å håne Tottenham for at vi på det tidspunktet leia 1-0.

Det Jørn hadde gløymt, var at Manchester United, med Rooney og Ronaldo på laget, vart slått ut av nettopp Southend i ligacupen.

Eg trur vi får seie at du tapte den der, Jørn.

"So d sång ette"

Friday, January 26, 2007

Referat frå husmøtet 14. januar

1. Oppmøte. Alle mann alle.
2. Namn: Luftslottet.
3. Kven er kva?
- Mat, Jørn
- Øk., Einar
- Blogg, Einar
- Bås, Jørn
- Teknikk, Morten
- Reinhald, Morten
4. Husreglar: (Meir detaljerte trekk av lovene kan lesast på det handskrivne arket)

1. Alt som skjer på møta skal offentleggjerast.
2. Ikkje besøk i hytt og gevær
3. Ikkje fest (desse punkta er ikkje så fientlege som dei ser ut som)
4. Ikkje bilete i 2. etasje
5. Lukk etter deg
6. Spar straum
7. Vask
8. Brød i brødboksa
9. Brett og skyll
10. Hjelp til
11. Ikke storme inn i stua, før du he hatt ta dej lua
12. Ikkje prat på badet når Einar søv
13. Ver varsom med Jørn når han er på internett
14. Ulovlege ord, mellom anna "mordi"

Desse kan omgjerast

5. Eventuelt
6. Møtet er heva